
Ødhumbla gardsmjølk - passe støtt!
Laga av mjølk frå kyrne på Uppigard Skoe midt i Gudbrandsdalen. Denne mjølka er lågpasteurisert opp til 72 ˚C i 15 sekund utan at den gode smaken påverkast.
Mjølka er ikkje homogenisert, så du vil få eit fløtelag øvst i flaska. Rist difor flaska før du nyt eit iskaldt glas mjølk.
Feittinnhaldet vil variere ut i frå kva kyrne har på menyen, men den ligg som regel mellom 4,0 og 5,0 %.
Visste du at Ødhumbla er urkua i norrøn mytologi?
Lansering av Ødhumbla Gardsmjølk
Vi starta med sal av gardsmjølk den 14 mars 2024. Du er velkome til å freiste produkta våre som du kan få tak i på utvalgte stader her i midtdalen. Våre samarbeidspartnere er Sans kafe, Sulseter Fjellstugu, Skåbu fjellhotell, Spar Vinstra, Gålå handel, Valseter Pensjonat, Sygard Grytting og Peer Gynt Catering.
Under er nokre artiklar frå lokalavisene om Ødhumbla AS :)
https://www.gd.no/gir-meg-tilbake-stoltheten-og-motivasjonen-som-matprodusent/s/5-18-2075962
Tar gardsmjølka noen skritt videre – vurderer å øke produksjonen - dolen.no